Kulturlandskap

Kulturlandskap

- Røsslyngen beitelag var skipa før areala her var komne inn under spesielt utvalde kulturlandskapsområde. Men det blei lettare å gjennomføra planane våre, og å byggja ei merkevare, etter at området blei eitt av dei utvalde områda.

Bondevennen
Dag Raustein

Det er Guttorm Gudmestad og Ove Heggland som seier dette. Saman med Knut G. Gangenes gjekk dei i 2005 saman og skipa Røsslyngen beitelag. Då hadde dei gått svangre med idéen sidan tidleg på 1990-talet. Vi er på Hodne i Rennesøy saman med rådgjevar Magne H. Jørgensen i Rennesøy kommune.

Inngjerding av 1 300 mål

- På 1990-talet tenkte og prøvde vi, og vi var i kontakt med konsulent, for å sjå på korleis vi kunne utnytta dei store beite-/lyngheiområda betre. For å halda nede gjerdekostnadene såg vi at det var nødvendig å samarbeida. Då vi i 2005 skipa beitelaget, var arbeidet med det utvalde kulturlandskapsområdet på Dale-Hodne godt i gang, og vi fekk SMIL-midlar til 2,5 km yttergjerde for å gjerda inne dei 1 300 måla, fortel Guttorm.

- Det var rapporten frå Knut Henrik Dagestad og arbeidsgruppa hans som hadde registrert dette som eit interessant kulturlandskapsområde – kystlynghei. Alt frå starten til Røsslyngen beitelag låg det ein skjøtselsplan til grunn for utvikling av området. Der var det mellom anna tilrådd å beita med villsau og Aberdeen Angus, eller ein annan lett storferase, legg Magne H. Jørgensen til.

- Guttorm og eg er grunneigarar i dette området. I tillegg leiger vi jord frå seks andre grunneigarar, slik at det til saman er åtte eigarar innafor dei 1 300 måla, forklarer Ove. – Vi gjekk for villsau og Angus. Frå starten av prioriterte vi å brenna lyng, einer og kratt, og å rydda, for mykje av lyngheia var overgrodd. Samstundes måtte vi ala opp nok dyr til å beita heile området, og først for to år sidan hadde vi det første kjøtet for sal, held han fram.

Mest munn til munn

- Målet er å selja alt kjøtet frå Røsslyngen beitelag direkte til forbrukar, for skal dette løna seg, må vi ta ut høgast moglege prisar på kjøtet. Vi har prøvd annonsar i aviser utan å få nokon respons. Vi marknadsfører oss elles på heimesida til Angus Gardskjøtt. Det aller meste av salet skjer likevel ”munn til munn”. Anten er det kundar som har kjøpt før, eller folk vi tek direkte kontakt med, eller så er det nokon som kjenner nokon som har kjøpt, forklarer Ove som vi forstår er ”sals- og marknadsansvarleg”. Dei har nå kring 150 kundar.

- Kvalitet på det vi leverer, er heilt avgjerande. Og så må vi ha varer når folk vil ha dei. Det betyr at vi er meir opptekne av kvalitet enn vekt, og vi er meir opptekne av å slakta gjennom året enn av vekt. Aberdeen Angus slaktar vi på ei gjennomsnittleg vekt på rundt 200 kg. Kjøtet vert pakka i kartongar med rundt 20 kg i kvar, og slik at det er tilnærma same fordelinga av ulike stykningsdelar og kjøtdeig i kvar kartong, seier Guttorm, og legg til at dei meiner 25 – 26 storfeslakt i året vil vera det rette ut frå tilgjengeleg beite.
All slakting, foredling og omsetnad skjer gjennom godkjende ledd. Nortura tek seg av slakting og pakking, og dei har sjølv godkjenning for distribusjon innafor ei viss tidsramme.

Elles er dei opptekne av full utnytting av alle dyra. Utrangerte kyr har ikkje så høg verdi. Ove spekulerte på dette og kom opp med idéen om å foredla dette kjøttet vidare. Eit kuslakt blei køyrt til Svindland i Flekkefjord og kom i retur som ”biffsalami” med ulike kryddarvariantar. Vi fekk smake denne, og kan gå god for smaken – og salet har gått bra.

Kvalitet også på villsau

- Villsau blir normalt betalt heller dårleg. Vi måtte finna på noko som gav meirverdi. I starten selde vi mange dyr til liv, men den marknaden er i ferd med å mettast. Når det gjeld lam til slakt, har vi vore heilt konsekvente på kvalitet, og fôrar til denne er ok. Det har gjort at mange lam står over vinteren og blir slakta neste sommar, før den ordinære slaktesesongen. Og villsauen må også ha stell. Vi er nøye med snyltarkurar og klypping. Av dei siste 100 lamma vi har selt, er rundt 30 slakta på vanleg vis, medan 70 er hallal-slakta. Dei som kjøper hallal, vil gjerne ha lite feitt, men dei er svært prisbevisste, fortel Guttorm.

Dei tek skinna i retur, både frå Aberdeen Angus og frå villsau, og sel dei direkte. Vi får vita at dei nå har planar om å nytta villsauen til tørking og sal av heile dyra som ”pinnekjøtt”. Dei arbeider også med planar om eit kjølelager og ei uteløe, og søkjer Innovasjon Norge om støtte til dette. Uteløa skal vera fôringsplass om vinteren, for elles blir slitasjen på beita for stor der dei fôrar.

Prisar

På vårt spørsmål om prisar svarer Ove:
- Vi tek 120 kroner kiloen for Aberdeen Angus, og 70 kroner kiloen for villsau. Tørka villsaukjøt reknar vi med at vi skal kunna få opp mot 300 kroner kiloen for. Eit skinn frå Aberdeen Angus går normalt for 3 500 kroner.

Meat
Pinnekjøtt frå villsau

Pleie av kulturlandskapet

Drifta og bygginga av varemerket Røsslyngen heng nøye saman med det utvalde kulturlandskapet. Kva er så status i høve til dette området?
Det meste av arealet er lynghei, og dei brann rundt halvparten for få år sidan, men resten må brennast raskast mogleg, for det er for mykje attgroing og lyngen er av dårleg kvalitet. Utfordringa er å kunna brenna trygt, men dei har planane klare.

- Innafor dei 1 300 måla ligg det kulturbeite i to av hjørna. Dette blir gjødsla, men svakt. Det vi ser, er at dyra trekkjer mellom dei to kulturbeita og beiter lyngen bra på det strekket. Resten av lyngheia blir svakare beitt. Vi må nå sjå på om det er mogleg å få gjødsla opp litt beite også andre stader slik at dyra kan trekkja meir over det heile, seier Guttorm. Magne H. Jørgensen forstår, men han understrekar
at det ikkje er aktuelt å gjødsla opp lynghei i det heile. Då må ein heller sjå spørsmålet i ein større samanheng, på gjødsla areal som i dag ligg utanfor beitelaget sitt areal.

Elles blir det ein viktig del av evalueringa framover å sjå på forholdet mellom storfe og sau, korleis ein best får utnytta samspelet mellom dyreslaga i skjøtsel og utnytting av beita, og korleis ein kan optimalisera økonomien ved eventuell regulering av talet på dei to dyreslaga. Det samla beitetrykket er også ei viktig sak, for det er like viktig å ha mange nok dyr som at beitetrykket ikkje skal bli for stort.

Vi dreg derifrå med eit klart inntrykk av optimisme hjå bøndene vi møtte, og at aktivt landbruk og det å ta i vare eit spesielt kulturlandskap er ei og same sak.